TYSKERHÅLENE

Historisk vandreteater

Bli med tilbake til krigen! Under andre verdskrigen vart Finnøy prega av den tyske okkupasjonen ved at det vart bygd eit såkalla støttepunkt på Søre Vignes på Finnøy.

Her var både kanonstillingar, minefelt, ammunisjonslager og mannskapsbrakker. Folk på nokre av gardane måtte flytta, og de får møta både bønder og representantar frå okkupasjonsmakta i dette historiske vandreteateret.

Fortviling, sterke kjensler og tårer blir blanda i hop med galskap, hysteriske dialogar og tysk-norske forviklingar.
Går det an? Ja, i dette krigshistoriske 
vandreteateret på Finnøy er alt mogleg.
For her går alvor og skjemt hand i hand!

De blir med på eit gripande og morosamt skodespel med lokale skodespelarar. Det blir også vist film og framført levande musikk inne i fjellet – i «hålene».

Sjå praktisk info under bileta!

Tyske soldatar godsnakkar med ein oppgitt bonde. Foto: Vidar Løtveit

Praktisk info

Servering

Me serverer gjerne eit måltid mat, anten inne i hålene eller ute på kanonstillinga.
Ryfylkekokken tryllar fram nydeleg mat av lokale råvarer. De kan faktisk få det så lokalt at maten er laga på villsau frå garden me er på!
Eit alternativ, eller supplement, til mat frå Ryfylkekokken er Finnøys spesialitet: Gongkaker med tomatsyltetøy!

|

Gruppestorleik

I Tyskerhålene tar me imot grupper på mellom 10 og opp mot 60 personar, i utgangspunktet. Er de fleire enn dette og har lyst å koma på tur? Ta kontakt så ser me på korleis me kan løysa det!

r

Kle deg godt

Deler av opplegget føregår ute. Me har tepper og saueskinn klare, men det er likevel viktig å ta hensyn til veret når ein kler seg. Gode og varme klede er å anbefala!

Varighet

Det historiske vandreteateret tar  1,5 – 2 timar alt etter kor stor gruppa er. Dersom de ønskjer matservering reknar me ein times tid ekstra.

Kva seier våre besøkande?

Tilbakemeldingar

«Turen og opplevinga i Tyskerhålene på Finnøy er ei fin blanding av historie, humor og herleg lokalprodusert mat!» Tor Bjarne Flesjå

«Takk for i går. Vi er strålende fornøyde. Folk sier det er det beste distriktsmøtet vi har hatt noen gang.»

Nina Lin Monstad

Overtannlege, Stavanger Tannhelsedistrikt

Sjå kva meir me tilbyr >>

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest