Haugespor
HAUGESPOR
– SkaparÃ¥nd, spetakkel …
og strikkepinnar
Haugespelet er alltid aktuelt!
Tenk nå har me runda 45 førestillingar med Haugespor. 2021 var det store Haugeåret, då me feira 250årsjubileet for Hans Nielsen Hauge sin fødsel. I 2024 markerte me at det var 200 år sidan den store samfunnsbyggjaren døydde.
Me i Ryfylke Livsgnist har reist rundt i 2021, 2022, 2023 og 2024 med Haugespor. Ja, frå Lyngdal i sør til Tromsø i nord, frå Bergen i vest til Fredrikstad i aust. Publikumsresponsen har rett og sett vore formidabel.
Ønskjer du at Haugespor skal koma til di bygd eller by?
Ta kontakt:Â tor@ryfylkelivsgnist.no
Kvifor eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge?
Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen. Me trur spelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.
Om Haugespor
Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løypande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar. Haugespor er ei førestilling som kan spelast i kyrkjer, konferanselokale, bedehus, gymsalar, industrikantiner, ja der folk kan samlast. Me speler gjerne der du ønsker.
Illustrasjon: Jens Flesjå
Her har me spelt «Haugespor»
2021
9. mai – Utstein kloster x2
27. mai – Sauda kyrkje
28. mai – Hinna kirke
30. mai – Hesby kyrkje, Finnøy x2
6. juni – Frøyland og Orstad kyrkje, Klepp
10. juni – Aksdal kyrkje i Tysvær
16. juni – Varen: Randaberg kulturscene
19. juni  – Øye kyrkje, Surnadal
20. juni – Molde Domkyrkje
21. juni  – LangevÃ¥g kyrkje, Sula
22. juni –Â Volda kyrkje
25. august – IMI-kyrkja, Stavanger
29. august – Skjold kyrkje, Vindafjord
10. september – Egersund kyrkje
17. september – Tau nye kyrkje, Strand
21. september – Sandefjord kunst- og kulturkirke
22. september – Strømsø Kirke, Drammen
23. september – Ã…l kyrkje, Hallingdal
24. september – Stord Kulturhus, Leirvik
30. september – Bryne kyrkje
6. oktober –Â Misjonssalen Sandnes
7. oktober –Â Vigrestad Misjonshus
14. oktober – Stiftsdagar, Tromsø domkyrkje
28. oktober – Hauges Minde, Rolvsøy i Fredrikstad
29. oktober – Kongsberg KirkeÂ
30. oktober – Larvik kyrkje
4. november – Friskulekonferanse NLM, Sandefjord
10. november – Sola Kyrkje
10. november – Prostisamling, St. Petri kyrkje, Stavanger
13. november – Foreldredag Lundeneset vgs, Vindafjord
15. november – Haga kyrkje, Samnanger
16. november – Norheimsund kyrkje
17. november –Â Stiftsdagar, Grieghallen, Bergen
18. november – Strusshamn Kirke, Askøy
2022
24. mars – Husnes Kulturhus, Kvinnherad
21. april – Hesby kyrkje, Finnøy
24. april – Lyngdal Kirkesenter
18. juli – Nykirken, Bergen
2023
12. november – Sviland, Sandnes
2024
19. september – Skapertunet, Sandnes
27. oktober – Baptistkyrkja, Sandnes
7. november – Ã…kra kirke, Karmøy
10. november – Utsyn Misjonssenter, Finnøy
Vil de at me skal koma og spela hjå dykk?
Ta kontakt med tor@ryfylkelivsgnist.no / 982 06 333.
Haugeskråblikk
Ryfylke Livsgnist tilbyr Haugegleder i tillegg til sjølve førestillinga Haugespor. Til temakveldar, konferansar, seminar mm. Sjå her.
KVEN VAR HANS NIELSEN HAUGEÂ (1771-1824)
Han var modig, målretta og hadde stor arbeidskapasitet. Hans Nielsen Hauge starta det som må kallast Norges første, store grasrotrørsle. Målet var å gje folk ei bevisst tru, sjølvtillit, moglegheiter og arbeid. Hauge blei motarbeidd av embetsverket, forfølgd og fengsla. Han døydde svak og sjuk, berre 53 gammal. Men, lekpredikanten, samfunnsbyggjaren, entreprenøren, forfattaren, likestillingsforkjemparen og handelsmannen Hauge hadde då sett i gang ei stor endring av det norske samfunnet. – Hauge er arkitekten bak det moderne Norge, vil mange hevda. Martin Luther endra Tyskland. Hans Nielsen Hauge endra Norge. To sider av same sak.
Bli gjerne meir kjent med Hans Nielsen Hauge, gjennom bøker, spel, føredrag og ikkje minst med å lesa meir om bondesonen frå Østfold på www.haugesminde.no.
For ungdom:Â
Hans og Gustava – to spor på same snodige veg
Ein historietime om haugianarar, brødrevener, Hans Nielsen Hauge, Gustava Kielland og ganske så heftig tysk påverknad. Kan det vera spennande då? Tor Øyvind Skeiseid har laga eit spesielt skråblikk som passar for ungdom!
Sjå tilbakemeldingar frå 3. klasse Studiespesialisering ved St. Olav vgs i Stavanger:
Veldig karismatisk mann, interessant og morsomt å høre på foredraget. Ettersom jeg veldig lett mister oppmerksomhet på skolen ellers, syns jeg at presentasjonen var spesielt effektiv og sammensatt på en gøy måte.
God og tydelig presentasjon. Jeg liker at du setter det inn i en litt mer personlig sammenheng. En god kombinasjon av faktabasert informasjon og humor.
En av de mest engasjerende foredragene jeg har deltatt på. Jeg ble positivt overrasket ettersom dette temaet vanligvis er noe jeg syns er mindre interessant. Du holdt meg og publikum engasjert!
AKTØRANE
Ryfylke Livsgnist har opp gjennom åra sett opp fleire ulike kulturhistoriske spel og førestillingar. Blant anna Spelet om Ogmund Finnsson, Luther med latter, Nåde og Historisk vandreteater i Tyskerhålene for å nemna nokre av dei største. Tor Øyvind, Silje, Tolli og Svanhild har hatt sentrale roller i alle desse oppsetnadane.
Musikalsk ansvarleg Aril er ein drivande dyktig gitarist, produsent, komponist, arrangør og dirigent. Bjørn Erik er gitarist, som har mangfaldige konsertar bak seg. Ryfylke Livsgnist har hatt fleire vellukka samarbeid med både han og Aril. Ingrid har stått på scenen i årevis, først og fremst som songar, både som soloartist og ein av frontfigurane i Stavanger Gospel Company.
Tor Øyvind Skeiseid
Skodespelar og manusforfattar
Silje Vignes Flesjå
Skodespelar
Tolli H. A. Frestad
Skodespelar
Svanhild Eggebø Spanne
Skodespelar
Aril Schøld
Musikalsk ansvarleg
Bjørn-Erik Zahl
Gitarist
Ingrid Kjosavik
Skodespelar
Foto: Geir Landa
SAMARBEIDSPARTNARAR
Gode samarbeidspartnarar er viktig. Me jobba tett saman med Stavanger bispedømmekontor i samband med Haugeåret. Rogaland fylkeskommune har ei aktiv haldning til å støtta gode, kulturelle prosjekt i Rogaland. I tillegg fekk me støtte frå både Epafras legat, som gjennom mange år har støtta kulturelle og historiske satsingar, Stiftelsen Fritt Ord, som jobbar for å fremja ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur, og Bergesenstiftelsen, som er ein privat stiftelse som mellom anna støttar ulike kulturelle formål. Vår heimkommune Stavanger kommune var også ein viktig støttespelar i Haugeprosjektet.