Hans Nielsen Hauge og haugerørsla er så mangt. Og historie er til å leika seg med og dykka djupt nedi. Me har også utvikla ulike foredrag, kåseri og mini-kabaratar om haugerørsla. Kan nokre av overskriftene freista?

Hans Nielsen Hauge – oppskrytt eller undervurdert?
Kåseriforedrag om kven han var og kva han gjorde. Og ka så? v/ Tor Øyvind Skeiseid

Surpomp med grenselaus omsorg.
Eit sideblikk på haugianarhøvdingen John Haugvaldstad – med Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid.

Alle snakkar om verdiar, men Hauge gjorde ord til handling.
Kåseri om denne bondeguten, som sette folk fri og sette dei i arbeid. v/ Tor Øyvind Skeiseid

Frå åndsoppleving på åkeren til julestemning i prestegarden. Raud tråd frå Fredrikstad til Finnøy – roten til alt godt!
Ei kopling frå Hans Nielsen Hauge til prestefrua Gustava Kielland, som du ikkje såg. Musikk, spel og skråblikk med Silje Vignes Flesjå/Svanhild Eggebø Spanne og Tor Øyvind Skeiseid.

Trongsyn og hjartevarme. Uvæsen og samfunnslim.
Eit historisk skråblikk korleis haugerørsla har prega Vestlandet i kvardag, fest og basar. Silje Vignes Flesjå/Svanhild Eggebø Spanne og Tor Øyvind Skeiseid byr på historier, persongalleri, song og humor i spesiallaga Haugekabaret tilpassa lokale stader.

Ta kontakt på tor@ryfylkelivsgnist.no / 982 06 333 for meir informasjon og pristilbod.

Utvikling av både skråblikk og andre Haugekonsept er gjort mogleg ved hjelp av støtte frå Epafras-legatet og Stavanger Bispedømmekontor.