Gøy på Finnøy

Kva er «Gøy på Finnøy»?

«Gøy på Finnøy» er ei herleg blanding av lokal mat, kultur, historie, landbruk, gjestfridom, småskala-produksjon og bygdekultur på øya Finnøy i Ryfylke. Her er mange inntrykk, men lite stress. Her kan du og dine velja kva de vil oppleva og kor mykje de vil oppleva. Du kan kikka, nyta, handla, læra, eta og slappa av.
Nedover på denne sida finn du all informasjonen du treng.

Her er ein smakebit av det «Gøy på Finnøy» er:

Gøy på Finnøy» er gjort mogleg gjennom støtte frå Innovasjon Norge.

Kva kan du oppleva?

Kort fortald: Skodespel i tyskarfestning, utelunsj i tyskarfestning, skodespel i Hesby kyrkje, ope i fire små, trivelege lokale butikkar. I tillegg byr me på artige aktivitetar. Alt skjer mellom klokka 10 til 16 dei tre laurdagane 8., 15. og 22. august, samt sundag 23. august.

«Gøy på Finnøy» er eit samarbeid mellom fleire aktørar på Finnøy, med Ryfylke Livsgnist i spissen. Skodespela og lunsjen er til bestemte klokkeslett (sjå «Program og påmelding») og må bestillast. Abelnøtta (sjå lenger nede) og besøk hjå våre lokale spesialverksemder skjer når det passar deg.

Hesby Kyrkje:

«Ei 1000-årsreise frå 1020 til 2020». 40 minutts dramatisering av Finnøyhistoria med solid glimt i auge. Her dukkar både munken, sysselmannen, prestefrua og mattegeniet opp. Og publikum blir involvert. Tid til å sjå seg om i kyrkja etter spelet.

Festninga på Søre Vignes:

«Tyskerhålene: fredfull krig med spenning». 40 minutts vandreteater der me møter både gardskona og ein tysk soldat anno 1941. Vår forteljar gjev store og små eit innblikk i korleis andre verdskrigen prega Finnøy her ute på Søre Vignes Fort, eller «Tyskerhålene» som me seier lokalt. På festningsanlegget vil det også vera fleire aktivitetar som store og små kan boltra seg med. Du blir vel med på tomatspretten og vedstablinga?

Ryfylkekokken:

«Ein mektig smak av lam, laks og tomat». Ryfylkekokken byr på det beste frå Finnøy på utegrillen. Finnøy er eit eldorado av smakar. Du får maten servert på kanonstillinga på Søre Vignes. Det er lov å be om påfyll. Sal av kalde, lokale fruktdrikkar.

Gardsbutikken:

Gardsbutikken på Nærland. Nyopna i mars og svært populært gardsutsal. Ligg kloss i vegen og tilbyr frukt, grønt, tomatar, egg, bakst, produkt på glas, saueskinn og andre lokale produkt. Det er lov å klappa lamma på tunet.

Kaihuset:

Kaihuset på Judaberg er som ei gammal krambu med litt av alt. Her finn du garn, kler, gåver, leiker, matprodukt og ikkje minst: Kjøp den lokale delikatessa gongkaker! Passar perfekt til kaffimat før eller etter lunsj på Søre Vignes.

Finnøy Blomster & Interiør:

Finnøy Blomster & Interiør har det du treng og ikkje visste du måtte ha for å pynta i heimen din. Blomar og pyntegjenstandar, lys og tøffe klede. Blomar, gåver og interiør i eit 300 år gammalt koseleg hus midt på Judaberg.

Sølvsmeden på Finnøy:

Sølvsmeden på Finnøy held til på Mjølsnes. Familiebedrifta har drive som sølvsmedar i 35 år og er landskjente for bunadssølv, kongekjede, smykke og andre gåveartiklar. Du får ei «wow»-kjensle når du stig inn i gullsmedbutikken på Sølvflaten.

Utsyn Misjonssenter:

Utsyn Misjonssenter er både leirplass, kurs- og konferanselokale, serveringsstad og ein av dei mest brukte møteplassane på Finnøy. Kvifor ikkje ha ei overnatting og to på Utsyn? Alle romma er nyoppussa, både hotellrom, i hytter og på internat.

Med andre ord, er det ingen problem å bruka minst ein dag på Finnøy.

Abelnøtta

Løys Abelnøtta og vinn Ryfylkekokken heim til deg!
«Gøy på Finnøy» har sin eigen rebus. Abelnøtta er inspirert av ein av våre største kjendisar, Niels Henrik Abel (1802-1829). Abel hadde sine første leveår på Finnøy, og er kjent som den mest kjente matematikaren i verdshistoria. Nå kan de løysa Abelnøtta, dersom de stikk innom våre sju utvalde stader. Her finn de eit kodetal, som vil hjelpa dykk til å løysa Abelnøtta. Det er gratis å vera med.

For å delta må du henta eit «Abel-skjema» enten på Gardsbutikken, Kaihuset, Finnøy Blomster & Interiør eller Sølvsmeden. På baksida av skjemaet finn du eit kart over alle stadene du må innom. Kartet finn du her.

Abelkodane finn du enten på innsida eller utsida av bygningane der du kjem.

MERK: Kaihuset, Finnøy Blomster & Interiør og Sølvsmeden har opningstid frå 10-16.

Når du har løyst Abelnøtta, leverer du skjemaet tilbake på ein av dei fire nemnde stadene. Du treng IKKJE levera der du fekk skjemaet. Merk: Abelnøtta startar laurdag 8. august. Og du behøver ikkje levera ferdig utfylt skjema før sundag 23. august klokka 16. Så kom gjerne til Finnøy fleire gonger.

Me har mange flotte premiar:

Hovudpremien blir trekt ut blant dei som klarer å løysa Abelnøtta. Då vinn du Ryfylkekokken Frode Selvaag heim til deg, som då lagar middag for åtte personar! Premien er gjeven av SpareBank 1 SR-bank, i samarbeid med Ryfylke Livsgnist og Ryfylkekokken.

Lyse gjev dessutan Vikingeffektar til ein heil familie – både skjorter og skjerf!

Andre premiar er:

  • Matkorger med Ryfylkeprodukt til verdi av 500 og 1000 kroner.
  • Ein flott bag frå Grieg Seafood
  • Boka «Erindringer fra mitt liv» – av Gustava Kielland.
  • Abelkrus frå Sølvsmeden på Finnøy
  • Kjøleryggsekk frå Gardsbutikken
  • Nydeleg sommarbukett frå Finnøy Blomster og Interiør
Minnesmerket over Niels Henrik Abel finn du utanfor prestegarden på Finnøy.

Kva kostar «Gøy på Finnøy»?

Me vil at alle både skal ha lyst og råd til å vera med på «Gøy på Finnøy».

Dei to skodespela, i kyrkja og på tyskarfestninga, kostar 100 kroner per person per førestilling. Men, BERRE for dei over 15 år. For barn under 15 år, er det gratis. Skodespela passar frå 5-6 årsalderen og oppover.

Dersom du vil kjøpa lunsj frå Ryfylkekokken, kostar det 325 kroner for vaksne og 175 kr for barn under 15 år. Då blir du god og mett av herleg lam, laks og tomat.

Aktivitetane på Søre Vignes er gratis å vera med på. Abelnøtta kostar heller ingen ting. Og tenk så flotte premiar me byr på.

Med andre ord har du framleis pengar igjen å bruka på dei koselege butikkane våre. Og velkomen innom om du ikkje handlar! Me vil du skal bli glad i Finnøy uansett.

Program og påmelding

Det er berre skodespel og lunsjmåltid du må bestilla. Då er det greitt å vita kva tid mat og skodespel er. Datoane er altså laurdag 8., laurdag 15., laurdag 22. og sundag 23. august. Ope frå kl. 10-16 alle stader. NB: Hesby kyrkje er ope i etterkant av kvar førestilling.

Viktige tidspunkt:

Kl. 10.30  – «Ei 1000-årsreise frå 1020 til 2020» i Hesby kyrkje*
Kl. 12.00 – «Tyskerhålene: fredfull krig med spenning» på festninga Søre Vignes
Frå 12.30 til 14.00 – Lunsjservering i Tyskerhålene, Søre Vignes med Ryfylkekokken
Kl. 14.00 – «Tyskerhålene: fredfull krig med spenning» på festninga Søre Vignes
Kl. 15.00 – «Ei 1000-årsreise frå 1020 til 2020» i Hesby kyrkje

*Alle dagar utanom sundag 23. august. Då er det gudsteneste kl. 11.00. Vel møtt

Me må ha påmelding til skodespel og mat, både på grunn av plass, men også grunna smittervernreglar. Det du må gjera er følgjande:

  • Gå inn på påmeldingsskjemaet og fyll ut kva de ønskjer å vera med på og til kva tid. Det er enkelt lagt opp.
  • Deretter går du inn på Vippsnr 93061 Ryfylke Livsgnist og trykkjer på «Gøy på Finnøy». Der får du oversikt over kva du betaler for den enkelte (mat og førestillingar) Når du betaler er påmeldinga di registrert. Me ser dette opp mot skjemaet du har fylt ut her.
  • Frist for påmelding til lunsj er seinast onsdag same veka.
  • Skodespel kan bestillast fram til det startar, så sant det er ledige plassar.

Påmeldingsskjemaet finn du her.

Tips og transport

Men, korleis skal eg rekkja over alt, når det er 2 mil rundt heile øya. Slapp av. Vil du få med deg alt, ja så er det overkomeleg. Det er derfor me har fleire førestillingar og god romslegheit i tida til lunsj. Her er eit tips til korleis de KAN leggja opp ein slik dag:

Kanskje kjem du med bil ut av Finnøytunnelen. Følg Fylkesveg 519 i 3 km, og de kjem til Gardsbutikken om lag kl. 10. Der tar de med eit «Abel-skjema», løyser første oppgåve og set kursen for Hesby kyrkje. Her har de bestilt skodespelet kl. 10.30 og løyser Abelnøtta i kyrkja.

Deretter tar de rundturen til Sølvsmeden, Kaihuset og Finnøy Blomster & Interiør, med Abelnøtter, besøk og kanskje ein god handel.

Kl. 13.00 passar det godt med utelunsj på Søre Vignes. Hugs å finna Abelkoden. Etter eit herleg måltid er de klare for skodespelet same plassen kl. 14.00. Aktivitetane på tyskarfestninga er så freistande, at de blir verande på Vignes til halv firetida før de set kursen til Gardsbutikken, handlar med dykk godsaker frå Finnøy, leverer Abelnøtta-skjema og drar fornøgde heim. Eller kanskje det er nå de skulle overnatta på Utsyn?

Adresser på Finnøy:

Sølvsmeden på Finnøy –  Nedre Mjølsnes 11

Kaihuset –  Lauvsnesvegen 15

Finnøy Blomster & Interiør – Rygjabøvegen 14

Hesby Kyrkje – Hesbyvegen 57

Gardsbutikken på Nærland – Nærlandsvågen 2

Tyskerhålene på Søre Vignes – Kvitevikvegen 350

Utsyn Misjonssenter – Utsynvegen 22

Korleis koma seg til Finnøy?

Køyrer du bil kan du koma til Finnøy via Finnøytunnelen. Sving av E39 på Rennesøy og følg skilta.

Du kan også ha sykkel og ta hurtigbåten frå Stavanger.- rutetidene passar godt.

Sjekk rutetider på www.kolumbus.no/ruter/bat

Det er lurt å bestilla billett på førehand, for å sikra plass til passasjer og sykkel. Bestill på www.billetter.kolumbus.no

Eller ta ferjene mellom øyane i Finnøy.

Grunna koronasituasjonen kan me ikkje tilby felles transport på Finnøy i år.

Spørsmål?

Ta kontakt med

Tor Øyvind Skeiseid:
E-post: tor@ryfylkelivsgnist.no
Telefon: 982 06 333

 Silje Vignes Flesjå
E-post: silje@ryfylkelivsgnist.no
Telefon: 940 01 017