gnistrande jul – påmeldingstur 10.12.26
Lunt, løye og heimsleg
Velkomen til Finnøy og velkomen til Maria og Tor Øyvind sitt skråblikk på jula. Ein julemeny med muntre historier, musikk, konkurransar, juletregang og ikkje minst ein bugnande julebuffé.
Torsdag 10. desember inviterer Ryfylke Livsgnist til vår Gnistrande jul. Me startar kl. 17 på Arena Utsyn og rundar til slutt av ved Finnøy Heimgard kl. 21.30.
Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind Skeiseid byr på ei personleg juleoppleving, som vekslar frå det søte og tradisjonsrike, til det sære og absurde. Lytt og le om både nynorske julehefte, blind hane, fjoslukt, endelaus venting og meiningslaus pakkeutdeling.
- Juleskråblikk og historier. Til å kjenna seg att i eller rista på hovudet av.
- Julesong og juleallsong. Både fint, artig og stundom litt heseblesande.
- Julemåltidet (ja både varmt, kaldt og dessert) – du blir salig mett.
- Den store julequizen. For me må jo ha konkurranse.
- «Den store julekveldstesten» med inkluderande konkurransar.
- Juletregang. Der me sjølv bestemmer tempoet.
- Julemarknad. For mange høyrer også handling jula til.
Frå kl. 16.40 ønskjer me velkomen med varm kakao og noko attåt på Arena Utsyn. Så går det slag i slag, som det jo ofte gjer i jula – minst 7 slag! Ved Finnøy Heimgard ventar ei avslutting som er både vakker, varm og historisk i beste finnøysk ånd.
Velkomen til ei førjulsoppleving – innramma av Maria og Tor Øyvind, som byr på seg sjølv frå A til Å!
Turen blir gjennomført ved minimum 25 personar.
NB! Alle ordnar eigen transport.
Allergi eller andre behov ved matservering? Gje beskjed til maria@ryfylkelivsgnist.no
BESTILL BILLETT HER
Lyst å gje gåvekort? Bestill billett og last ned gåvekort via knappen under her 👇
Foto: Geir Landa