gnistrande jul

Gnistrande jul
… på Finnøy

Bli med Maria og Tor Øyvind på deira tilnærming til jula. Ei juleoppleving frå Ryfylke Livsgnist, som både er eit måltid, førestilling og involvering i eitt. Løye og lunt, vakkert og vemodig.

Ja, det er denne jula då. Der alle skal spela på kjenslemessige strenger, og noko blir sterkt, anna blir forsterka, noko blir fint, vakkert og godt. Eller bare dumt. Og ikkje slik me tenkte det skulle bli. Men, hausa opp. Å ja då!

Nå inviterer Ryfylke Livsgnist til eit litt annleis julekonsept på Finnøy. For Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind Skeiseid byr på ei personleg juleoppleving, som vekslar frå det søte, ja herleg tradisjonsrike, til det sære og absurde. Med eigenopplevde tårer og kræsj i møte med svigers jul og til steile frontar før julemiddag. Lytt og le om både nynorske julehefte, dryssande tre, glitterboikott, fjoslukt rundt bordet og meiningslaus pakkeutdeling. Forresten: Kven hadde den beste julekvelden i barndomen? Der blir Maria og Tor Øyvind aldri samde.

«Gnistrande jul» er ei reise i det som var og er, og meir enn at to personar lirer ut av seg alt dei sjølv har opplevd. For på Utsyn Misjonssenter på Finnøy er me samla rundt bordet, rundt treet og rundt historiene. Her er ingrediensane og innhaldet som ei mektig delfiakake, med:

  • Julemåltidet (ja både varmt, kaldt og dessert) – Du blir salig mett.
  • Juleskråblikk og historier. Til å kjenna seg att i eller rista på hovudet av.
  • Julesong og juleallsong. Både fint, artig og stundom litt heseblesande.
  • Den store julequizen. For me må jo ha konkurranse.
  • Inkluderande konkurransar. For jula handlar om inkludering. Og skjult konkurranse blant svigerinner og søsken om finaste innpakka gåver.
  • Juletregang. Der me sjølv bestemmer tempoet.
  • Og ikkje minst «Den store julekveldstesten»
  • Og ein liten julemarknad på slutten

Ei juleoppleving, på totalt gode tre-tre og ein halv timar – innramma av Maria og Tor Øyvind på Utsyn. Og dei byr på seg sjølv frå A til Å.

Kjem de med buss, tar me gjerne imot ved tunnelopninga og legg inn ei lita guiding om de vil. Har de ønske om å køyra innom t.d. sølvsmeden på Finnøy eller Gardsbutikken på Nærland på returen, er det jo også fritt fram.

Klar for «Gnistrande jul på Finnøy»? Passar for grupper frå 15 til 100 stykk.

Me er flyttbare og kjem gjerne til dykk dersom det passar bedre.

Ta gjerne kontakt med tor@ryfylkelivsgnist eller maria@ryfylkelivsgnist.no