Feir med oss

20 år med Livsgnist

Den store Livsgnistfesten 30. september

Laurdag 30.september arrangerte Ryfylke Livsgnist ein storstilt jubileumsfest i Finnøy Fleirbrukshall. I overkant av 400 personar i alle aldrar var tilstades og fekk med seg historia til Livsgnist gjennom 20 år. Det blei gjensyn med folk, karakterar, typar, musikk og påfunn. Det blei vist filmar frå Ryfylke, god kjøtsuppe frå Ryfylkekokken og gongkaker frå Marit og Aud blei servert, krempiskekonkurranse blant festdeltakarar blei arrangert, og det var mogleg å prøve seg på ulike aktivitetar i pausen.  

Som takk for god hjelp frå ungdom ved rigging og rydding, skulle overskot frå festen gå til Finnøy Kristelege Ungdomslag. Pengane vil koma godt med i deira arbeid!  

Takk til alle som kom og var med på festen! 

Foto frå Livsgnistfesten: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>