Camp Finnøy

Kva er «Camp Finnøy»?

Ryfylke Livsgnist inviterer barn som er fødde frå og med 2007 til og med 2011 til ein dag på «Camp Finnøy». På det nedlagte festningsanlegget frå andre verdskrigen blir det aktivitetar, matlaging, spennande historie, høg puls og masse latter. «Camp Finnøy» er ein del av Stavanger Kommune sitt tilbod «Barnas sommar». Og me har plass til mange barn!
NB: Fire av dagane tar me også imot barn fødde i 2012!

Gled deg til å laga utelunsj med Ryfylkekokken. Korleis løyser du observasjonsposten? Knekker du Abel-kodane? Er du god på fluktrute, vedstabling eller tomatspretten? Kva råvarer finn me ved sjøen og i marka? Her blir det sterk lagkjensle og energi! Forresten: kva var det som skjedde på denne festninga under krigen? For all del: Reinsk strupen når vår «Camp»-song skal ljoma så me vekkjer kyrne på nabogarden.
Og det beste av alt; «Camp Finnøy» er heilt gratis!

«Camp Finnøy» har plass til 30 barn kvar dag, åtte dagar i august. Me er ute uansett ver. Så kle deg etter veret. Og ja, du kan bli skiten på kne og hender. Hendene vaskar me hos oss. Kleda får andre vaska etterpå …

Framleis ledige plassar

Det er framleis ledige plassar dei fleste dagane. Men, ikkje vent med å melda deg på.
For 8 år gamle barn (fødde i 2012) er det mogleg å melda seg på ein av dagane 3., 4., 5. eller 6. august.
Desse er dei aktuelle datoane:

Måndag 3. august (fullt)

Tysdag 4. august (fullt)

Onsdag 5. august

Torsdag 6. august

Måndag 10. august (fullt)

Tysdag 11. august

Onsdag 12. august

Torsdag 13. august (fullt)

Opplegget er frå kl. 10.00-15.00. Barn kan leverast frå 9.30 og hentast mellom 15.00 og 15.30.

PS: Det blir ikkje organisert fellestransport frå Stavanger/Rennesøy, så barna må leverast og hentast på Søre Vignes. Adressa er: Kvitevikvegen 350.

MEN: Er du frå ei av dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommunedel, kan me henta og bringa på Judaberg kai. Me hentar på Judaberg kl. 9.35 og er tilbake på Judaberg kl. 15.45. Dersom de treng skyss, meld tydeleg frå ved påmelding. Me har ansvaret frå me hentar til me har levert på Judaberg igjen.

Kva ventar du på? Meld barna på nå!