slaget om Den gylne tomat

Lagbygging på ryfylkevis

Det er leik og moro, og litt lærdom og nytte. Lagbygging slik me likar det best!

Slaget om den gylne tomat går føre seg der de ønskjer me skal koma. Me likar oss aller best ute, men taklar fint å vera inne.

Høg konkurransefaktor, irriterande, kjekke oppgåver og meistring og spenning om ein annan. Og masse latter.

Me tar det jordnære, kvardagslege og ryfylkske med oss inn i oppgåvene, enten det er snakk om vedstabling, sauesanking, agri memorial, kyllingløp eller kva det skal vera. Me har ein oppgåvebank som me sjonglerer mellom, alt etter om ein er inne eller ute eller ein kjem igjen for nye oppgåver.

Er me på Finnøy, er «Tyskerhålene» på Søre Vignes plassen. Ein nedlagt festning som ligg nydeleg til på vestsida.
Er me andre stader, treng me berre litt plass. Me kjem der de skal halda til.

Svært kort fortalt: Frå 10 til 100 personar. Det er også mogleg med fleire. Fire til seks stykk per lag. Sju utfordrande oppgåver, forflytting frå punkt til punkt. To og to lag konstant i nye duellar mot kvarandre. Men, korleis går det med dei andre laga?

Varer ca 1,5 time, pluss litt tid til retting og premieutdeling.

Interessert? Ta kontakt med tor@ryfylkelivsnigst.no 

 

Foto: Geir Landa

Foto: Bjarte Austbø

Foto: Geir Landa

Foto: Bjarte Austbø

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>