Slaget om den gylne tomat

Lagbygging på ryfylkevis

Det er leik og moro, og litt lærdom og nytte. Lagbygging slik me likar det best!

🍅 Slaget om den gylne tomat 🍅 går føre seg der de ønskjer me skal koma. Me trivst aller best ute, men taklar fint å vera inne òg.

Her er det høg konkurransefaktor, kjekk-irriterande oppgåver, meistring, spenning – og masse latter.
Det jordnære, kvardagslege og ryfylkeprega ligg i botn for alt me gjer, enten det handlar om sauesanking, agri memorial, bokhyllepresisjon, «talk, not walk» eller heilt andre utfordringar. Me har ein stor oppgåvebank og tilpassar etter stad, vêr og om de kjem igjen for nye duellar.

De kan koma til oss – eller me kan koma til dykk. På Finnøy held me til ved Tyskerhålene på Søre Vignes, ein nedlagt festning med nydeleg plassering. Elles treng me berre litt rom. Enkelt og greitt.

🔸 Frå 10–100 deltakarar (fleire er mogleg)
🔸 4–6 per lag
🔸 7 utfordrande oppgåver
🔸 To lag i stadig nye duellar
⏱ Varigheit: ca. 1,5 time + premieutdeling

Klar for lagbygging på ryfylkevis? 😄 Ta kontakt med maria@ryfylkelivsgnist.no.

Sjå kva meir me tilbyr >>