UT AV BOKSEN

Lunt og løye,
krevjande og kreativt

Korleis taklar du stress? På kva måte kan de samla mest mogleg poeng? Er det raskaste veg til målet? Eller må me pusta meir med magen?
Kva sa eigentleg instruktøren? Og skal me gambla på å svara før dei andre?

Ut av boksen er Ryfylke Livsgnist sitt nye aktivitetsopplegg. Opplegget kan utførast nærast kor som helst, og me er gjerne ute. Her møter me dei andre laga i ulike øvingar. Men, er det berre lurt å gå for suveren siger? Eller tener det oss at også motstandarane taklar oppgåva greitt?

For me vil jo helst ha bonusoppgåver, som gjev sjanse til fleire poeng. For i «Ut av boksen» er det aldri dautid. Me rullerer jamt, møter nye lag, møter lag igjen og skal gjennom seks forskjellige oppgåver. Og lyttar de ikkje til instruktøren si rettleiing, ja då går tida …

Oppgåvene er av svært varierande grad, og kan ha tema som forflytting, plasseringskunnskap, talspel, høgdedrag, kodelås og stafett-teft i seg. Og korleis det heile endar? Vel, poenga haglar på inn- og utpust. Og til slutt kårar me sjølvsagt tre vinnarlag med pump og prakt.

Sjå kva meir me tilbyr >>