Kva er tusen heftige år?
Gjer deg klar for ei tusen-årsreise på knappe to timar i mellomalderkyrkja på Hesby.
Førestillinga «Tusen heftige år» er den største oppsettinga som har vore på Finnøy, og er eit ambisiøst prosjekt. Manusforfattar Tor Øyvind Skeiseid og komponist Bjørn-Erik Zahl ønskjer å gje publikum eit spennande, dramatisk, lattermildt og interessant skråblikk på nettopp … tusen heftige år.
Den norske historia blir formidla ut frå Finnøy og ikkje minst storgarden Hesby sin ståstad. Her på Hesby har stormenn og kyrkja markert seg, her har sorg og glede vikla seg inn i kvarandre, juleglede og kvinnerørsle har fått grobotn og sleng inn litt grunnlov, svenskekrig, kristenrett, matematikk, basar, tomatar og skaparånd. Ja, då har du ein del sentrale ingrediensar.
Tusen heftige år er VÅR versjon av historia, i alle hovudsak historisk korrekt, med våre kunstnariske fridomar.
Ideen om eit tusenårsspel starta for seks år sidan. Men, hausten 2025 den perfekte tida. For hausten 2024 blei Hesby kyrkje stengt for omfattande restaurering. Meir enn eit år seinare blei den gamle kyrkja opna igjen, oppussa og nykalka både ute og inne. For ei ramme for eit tusenårsspel! Ekstra kjekt å setja opp eit tusenårsspel også det året Stavanger by feira 900 år.
Tusen heftige år er innom fleire stoppestader i alle hundreåra på reisa frå 1025 og fram til i dag. Spelet har derfor mange, korte ulike scener og ni skodespelarar har rimeleg heftige scene- og kostymeskift. Me møter om lag 90 rolleskikkelsar på vegen. Meir vil me ikkje røpa. For me trur overraskingane står i kø, og ikkje minst skodespelar- og musikarprestasjonane vil skapa engasjement. Me har med oss dyktige vaksne og barn frå Finnøy eller tilknyting til Finnøy.
Klar for ei heftig reise på tusen år? Velkomen skal du vera.
PS: Er du nysgjerrig om det historiske perspektivet eller bakgrunnen, så ta gjerne kontakt med manusforfattar Tor Øyvind Skeiseid – tor@ryfylkelivsgnist.no. Det er ei glede å dela historie!