JULEVRI

(vår) JULEVRI

Ein førjulskveld for degvår måte!

Med Frode Selvaag, Maria Flesjå Sivertsen,
Bjørn-Erik Zahl og Tor Øyvind Skeiseid

Landahuset på Finnøy torsdag 12. desember kl. 19 til 23.

Ein fyldig julestrømpe med musikk, mat, minne og moro. Nøysamt, nedpå, underfundig, involverande og mettande.

Me er glade i jula, alle fire av oss. Men, me treng ikkje gjera alt overdådig og valdsamt for det. Vår Julevri skal få deg til å le. Og bli glad. Og inspirert! Og avstressa! Me slår eit slag for nøysam og uopphausa julefeiring. Gled deg til julemusikk-quiz, julesongtekst-radbrekking, julemiddagsvri, juledrama, fjoslokt, sjølvhogst, kjensleladd julefeiring og nedsnødde hus.

Me tøysar, tullar, leiker, lagar mat og vågar vera seriøse. *

Då blir det Julevri … på vår måte.

Og hugs å takka for maten!

Spør kokken!
Jepp – send inn dine julemat-faglege spørsmål i forkant til Ryfylkekokken Frode. Så skal du få svar den 12. desember!

 Velkomen til vår kvardagslege julefest.
“From four of us, to all of you.”
Pris: 1595 kr + billettavgift
Drikke kjem i tillegg.

Kjøp billett her

For bestilling til eit større antall, ta kontakt. Noko uklart? Spørsmål til kokken? Anna? Ta kontakt med Maria på maria@ryfylkelivsgnist.no

Arrangør: Ryfylke Livsgnist og Ryfylkekokken

*I løpet av kvelden vil me også svara på dei eksistensielle spørsmåla:

  • Funkar det med lutefisk i mikroen?
  • Funkar brettspel som julefredaktivitet i familiar med høgt konkurranseinstinkt?
  • Funkar det å dela ut nokre julegåver før eller etter julaftan?
  • Funkar det å akseptera at juletradisjonar kan vera annleis i andre familiar ein til dømes giftar seg inn i?
  • Funkar det å vedgå at jula kan bli triveleg sjølv om ribbesvoren ikkje blir sprø?