1000 år på ein times tid – og vel så det

Ei historisk reise frå 1026

Bli med tilbake til starten av 1000-talet, og få glimt frå historia heilt fram til i dag. Maria og Tor Øyvind gjev deg 1000 år på litt meir enn ein time.

Finnøy er viktigare enn du trur. Ja, øya har hatt ein sentral plass i norsk historie gjennom 1000 år. Det meiner i alle fall me, om me er aldri så inhabile.

Vår 1000-årsreise kan gjerne kombinerast med ein lengre tur på Finnøy. Tor Øyvind Skeiseid er humørfylt og kunnskapsrik guide rundt på den frodige øya vår.

Gled deg til å oppleva Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind Skeiseid, som både er skodespelarar og formidlarar av historiske sus i eit historisk hus. Historiske personar kjem på rekkje og rad, gjennom morosame, rørande og musikalske innslag. Det er munkesong, heiderleg drap, sterke kvinner, julestemning, pietisme, matematiske funderingar og tomatglede.

Sjølve framsyninga «Tusen år på ein times tid – og vel så det» blir spelt i Hesby kyrkje. Kyrkja er ei mellomalderkyrkje frå 1100-talet.

Dersom de ønskjer, kan me også ta kortare stopp undervegs, som til dømes ved prestegarden på Finnøy. Her finn me minnesteinen etter både mattegeniet Niels Henrik Abel og misjonsparet Gustava og Gabriel Kielland.

Kva med å kopla på besøk i eit tomatgartneri, sølvsmed og med mat hjå Ryfylkekokken eller Arena Utsyn? På Arena Utsyn kan me også tilby «Historietimen me aldri gløymer». Då har Maria og Tor Øyvind ein 45 minutts involverande historietime, som er både løyen og konkurranseprega. 

For å toppa 1000-årsreisa stansar me til slutt ved gardsbutikken på Finnøy Heimgard. Mat og andre produkt frå lokale produsentar hjå Hanne Flesjå Reilstad og Torstein Reilstad. Rett og slett snadder og vel verd eit besøk.

Sjå kva meir me tilbyr >>