TYSKERHÅLENE

Historisk vandreteater

Krigshistorie med undring, klump i halsen og latter. Er det mogleg? Ja, me formidlar med både alvor og humor når me drar tilbake til andre verdskrigen og krigsåra på Finnøy. Velkomen til festningen på Søre Vignes, eller berre «Tyskerhålene» som me seier på Finnøy.

Her var både kanonstillingar, minefelt, ammunisjonslager og mannskapsbrakker. Folk på nokre av gardane måtte flytta, og de får møta både bønder og representantar frå okkupasjonsmakta i dette historiske vandreteateret.

Fortviling, sterke kjensler og tårer blir blanda i hop med galskap, hysteriske dialogar og tysk-norske forviklingar.
Går det an? Ja, i dette krigshistoriske 
vandreteateret på Finnøy er alt mogleg.
For her går alvor og skjemt hand i hand!

De får bli med på eit gripande og morosamt skodespel med lokale skodespelarar. Det blir også vist film og framført levande musikk inne i fjellet – i «hålene».

Det historiske spelet tar godt og vel to timar. Somme kombinerer med litt mat før eller etterpå. Me kan ta imot grupper på opp mot vel 60 personar om gangen. Spelet er delvis utandørs. Men, om det regnar sit me innomhus med tak over hovudet. Me har både tepper og saueskinn. Men, det er viktig å gle seg etter temperaturen!

Tyske soldatar godsnakkar med ein oppgitt bonde.
Foto: Vidar Løtveit

foto: Kristofer Ryde

Foto: Kristofer Ryde

Foto: Kristofer Ryde