20 år med Vandring i bedehusland

Vandring i bedehusland

Det første konseptet Ryfylke Livsgnist starta med var «Vandring i bedehusland» – ei kulturhistorisk reise på Finnøy med humor og respekt. Etter ein visningstur og to i 2004, tok opplegget av frå 2005. Mange kjem på dagstur til Finnøy for å oppleva ei heilt særeigen måte for guiding og formidling til drivhus, sølvsmed og Hesby kyrkje, der bedehusrevyen til Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid på Bethel bedehus er høgdepunktet. Over 16 000 menneske har opplevd Arne og Tor Øyvind på Finnøy, og nesten 12 000 som tilhøyrarar når duoen har reist rundt med bedehusførestillingar.

Vandring i bedehusland er fortsatt aktuelt, sjå meir her.

 

Sjå kva meir me tilbyr >>