20 år med løpsfest

Løpsfest

Finnfast-festen

  1. oktober 2009 blei Finnøytunnelen opna, mellom Rennesøy, Finnøy og Talgje, og fastlandssambandet var ein realitet. Ryfylke Livsgnist var med i arrangementsgruppa for markering av opninga av Finnøytunnelen. Me hadde ansvaret for sjølve opningsarrangementet + det som var vel så stort: Fem dagar før opning, arrangerte me Finnfastløp, Finnfastmarsj og Finnfastkonsert. Sistnemnte med 1100 gjestar i tunnelkrysset til Talgje. Bedrifta hadde ansvaret for program, innhald, logistikk og tryggleik.

Ryfastløpet

Det hittil største enkeltarrangementet i Ryfylke Livsgnist sitt virke, er Ryfastløpet 5. oktober 2019. Verdas lengste, undersjøiske tunnel, Ryfylketunnelen, er bygd frå Ryfylke til Stavanger. To månader før opning, blei verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton avvikla. Idrettslaga Midtbygdens IL og Staal Jørpeland IL leigde inn Ryfylke Livsgnist til å organisera gjennomføringa. Eit av dei største idrettsarrangementa i Norge i 2019, som samla godt over 10 000 menneske. Planlegginga føregjekk i 14 månader. Oppgåvene til Ryfylke Livsgnist var å trekkje i trådane, og stå for koordinering med alle naudetatar, Vegvesen, TV-sendingar, logistikk, transport, speaker, tryggleik osv. Eit fantastisk samarbeid mellom idrettslaga, Statens Vegvesen og Ryfylke Livsgnist, og med utruleg mange andre partar involvert.

Helgøybru-festen

  1. juni 2022 kunne helgøybuen endeleg køyra tørrskode over Helgøysundet, etter 40 års venting. Den 290 meter lange brua ytst i Årdalsfjorden, blei opna av fylkesordførar Marianne Chesak. Vel 1500 menneske kom til festen, og det var eit arrangement som blei både høgtidleg og skikkeleg jordnært. Opning, helgøyløp for store og små, matservering, konkurransar og meir stod på programmet. Fest både laurdag og sundag. Ryfylke Livsgnist blei engasjert av lokalsamfunnet på Helgøy til å organisera festen. Me jobba i fem månader, samkøyrde partane Rogaland Fylkeskommune, Hjelmeland kommune, Helgøyfolket og entreprenør, og hadde roen på framdrift og gjennomføring. Eit fantastisk samarbeid med alle partar. Berre ja-folk. Stor merksemd, høgt engasjement og glade folk!
Sjå kva meir me tilbyr >>