20 år med livsgnist
20 år med Livsgnist
Heimlengsel førte til kulturopplevingar for titusenvis av menneske.
Ja, slik kan gjerne ingressen vera for Ryfylke Livsgnist, som i 2023 fylte 20 år. Det var stas. Kameratane og finnøybuane Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid var naboar i Stavanger. Saman våga dei å satsa, sende Tor Øyvind heim til Finnøy først, og nokre år seinare kom Leif Arild. I dag er Tor Øyvind framleis dagleg leiar, medan Leif Arild er styremedlem og nest største aksjonær. Og begge kan sjå tilbake på ei innhaldsrik historie, som det er vel verd å feira.