20 år med Festival og prosjektleiing

Festival og prosjektleiing

75-årsjubileum for Rennesøy Trafikk august 2012

Transportselskapet på Mosterøy leigde inn Ryfylke Livsgnist til å arrangera bursdagsfeiring ein heil laurdag til ende. Arenaen var lagerhall og uteområdet til Rennesøy Trafikk på Mosterøy. RL i samarbeid med Ryfylkekokken hadde ansvar for alt av mat. Me organiserte familiedag på dagtid + festkveld for tilsette, kundar, leverandørar på kvelden. RL stod for program, leiing, mat, logistikk og alt. Festen har medført fleire store oppdrag for Rennesøy Trafikk, med både tilsettesamlingar og ikkje minst innspeling av eigen musikkvideo for RT i 2015.

 Nasjonal folkehelsekonferanse september  2014

I høve grunnlovsjubileet i 2014 (200 år sidan 1814), blei denne folkehelsekonferansen lagt til Finnøy. Finnøy hadde ein av fire Eidsvollsmenn frå Rogaland. Arrangør for konferansen var Finnøy kommune, Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Ryfylke Livsgnist blei først leigd inn som konferansier (desember 2013). Men alt i januar 2014 blei RL hyra inn til å koordinera heile konferansen. 180 besøkande fekk ein minneverdig dag på Finnøy 9. september, med dyktige føredragshalderar, kulturbidrag frå finnøyungdomar, musikk, ryfylkemat og ein flott atmosfære.

100-årsjubileet til Eramet Norway, Sauda

  1. august 2015 feira Smelteverket i Sauda seg sjølv med 520 gjestar i ein stor lagerhall på smelteverket. Ryfylke Livsgnist hadde koordinerings- og gjennomføringsansvar for alt program, konferansier, musikk, matservering, logistikk og bestillinga av utstyr, teppe på golv og vegg, lyd, lys osv Det innebar også at me skreiv «100 års smelteverkshistorie på 21 minutt», som tre av våre tilsette framførte saman med musikarar, til stor begeistring frå dei frammøtte. Eit gigantarrangement som blei planlagt i åtte månader.

Tomatfestivalen

Ryfylke Livsgnist er hovudgrunnen til at det blir arrangert Tomatfestival på Finnøy. Då festivalen blei etablert vinteren 2002-2003, blei Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist engasjert som koordinator. Det var han frå og med 2003 til og med 2012. Etter kvart som Ryfylke Livsgnist blei fleire tilsette, er arbeidsoppgåvene fordelt mellom dei tilsette. Etter fem år med andre festivalsjefar, blei Ryfylke Livsgnist igjen engasjert som koordinator frå og med 2018. Frå 2018 til 2022 med Silje Vignes Flesjå som festivalsjef, men med heile bedrifta engasjert. Utan tvil det enkeltarrangementet som Ryfylke Livsgnist har brukt mest timar på kvart år. Tomatfestivalen er etablert som ein av dei viktigaste lokale matfestivalane i Rogaland. Festivalen er godt kjent, også gjennom eigne TV-sendingar på TV Vest i 2021 og 2022. I 2022 var det publikumsrekord på laurdagen, med 5000 gjestar.

Les meir om Tomatfestivalen her.

Ryfylkealliansen

Dette er det største enkeltprosjektet Ryfylke Livsgnist har hatt og har, ved sida av Tomatfestivalen. Ryfylke IKS, ryfylkekommunane sitt interkommunale samarbeidsorgan, ønskte ein felles profilering av Ryfylke-regionen.

Først var Ryfylke Livsgnist leigd inn i tre heile år, frå 2007 til 2009. Arbeidet var å etablera ein logo og profil for Ryfylke. Ryfylke Livsgnist var prosjektleiar, tilsvarande eit halvt årsverk. Målsettinga var eit meir samla og kjent Ryfylke. Resulterte i ryfylkelogoen – og Ryfylkealliansen. Ryfylkealliansen er bedrifter, kommunar, festivalar, foreiningar osb som ønskjer å løfta fram Ryfylke ved bruk av logoen.

Ryfylke Livsgnist kom inn igjen som prosjektleiar januar 2013, og har arbeid kontinuerleg nå i ti år med prosjektet, i ein allianse som tel over 170 medlemer. Ryfylkealliansen og Ryfylke IKS er oppdragsgjevar.  Ryfylke Livsgnist er pådrivar, igangsettar, marknadskoordinator, organisator og inspirator. Me har jamlege samlingar i alliansen, driv eit utstrekt profilarbeid og har hovudjobb i inspirasjons- og merksemdarbeid. Konkrete tiltak er mellom anna Ryfylkequiz for 8. klassingar (med direktesende TV-finalar), samt Prosjekt Næring. Sistnemnde har medført eiga TV-sending Ryfylkepuls, og eit gigantisk digitalt løft på fleire flater.

Ryfylkealliansen blei hausten 2022 ei eiga foreining, og Ryfylke Livsgnist er samde med foreining om ein første kontrakt ut 2024. Les meir her. 

 

 

 

Sjå kva meir me tilbyr >>