20 år med aktivitetar 

Aktivitetar

Ryfylkepelet og HMS-spelet

Ryfylkespelet: Eigenutvikla lagbyggingskonsept. Eit 6×4 meter stort Ryfylkekart er gjort om til spelebrett. Grupper på opp til 40 personar blir delt inn i 4 lag. I 90 minutt kjempar laga om å vinna flest mogleg Juanitatomatar. Det gjer laga ved å løysa både praktiske og teoretiske lagoppgåver. Har blitt ein stor suksess for Ryfylke Livsgnist. HMS-spelet er laga etter same prinsippet som Ryfylkespelet, men her har oppgåvene HMS-fokus. Speleduken i HMS-spelet er eit kart av den norske sokkel. Ryfylkespelet blei utvikla i 2008, HMS-spelet tre år seinare.

Slaget om den gylne tomat

I 2015 lanserte me Tomato Challenge og Slaget om den gylne tomat, som er blitt svært godt mottatt. Aktivitetane har ikkje nedre eller øvre grense på tal deltakarar. Me brukar nødvendig tal instruktørar. Førstnemnde er innandørs, sistnemnde ute på kanonstillinga på Vignes, Finnøy. Deltakarane blir delt opp i lag på 4-6 per lag. Så skal laga rundt og løysa sju praktiske, teoretiske og memorerande oppgåver, med duellar og eit poengsystem av høg kvalitet.

Les om kva aktivitetar me har i dag her.

Sjå kva meir me tilbyr >>