20 med konferanse og skråblikk

Konferanse og skråblikk

Konferansier

Ryfylke Livsgnist gjer alt frå å vera totalleverandør av arrangement og konferansar, til å vera innhaldsleverandør. Tor Øyvind Skeiseid er ein av dei mest brukte konferansierane i Rogaland, og er kjent for grundig førebuing og humoristisk og stødig gjennomføring. Tor Øyvind har nå leia over 100 store og mindre konferansar, både av lokal, regional, nasjonal og også internasjonal karakter.

Dessutan blir også tilsette i Ryfylke Livsgnist leigd inn for å halda kåseri, inspirasjonsføredrag eller historiske innlegg. Kundane er både offentlege, små og store bedrifter, skuleklassar, lag og foreiningar og andre. Les meir her.

Historiske skråblikk og Jubileumsframsyningar

Ryfylke Livsgnist er blitt brukt mykje i høve større jubileum, både for bedrifter, offentlege og lag/foreiningar. Å få leika seg med historia i ei førestilling, har slått an. To døme:

  • I oktober 2019 fylte Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø 100 år. Hovudposten på jubileumsfesten var Arne Nordbø, Svanhild Eggebø Spanne og Tor Øyvind Skeiseid med ein slags revy på ein time om stort og smått som har skjedd. Då var det høg stemning i ein fullstappa møtesal på Tryggheim.
  • Og stemninga var ikkje mindre første oktober 2022, då på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund. Denne gongen var det Aril Schøld, Silje Vignes Flesjå og Tor Øyvind Skeiseid som framført «Framnes først og fremst», skråblikket på ein 125-åring. Tilbakemeldingane også her var eineståande.
Sjå kva meir me tilbyr >>