ØYRIKET RYFYLKE

Fjordglede med Rygerdronningen

Når du miksar ei fjorddronning med ein framifrå kokk og ein entusiastisk guide, blir det ein heilt spesiell miks i ryfylkefjordane.

Dei tre finnøybedriftene Ryfylkekokken, Rødne og Ryfylke Livsgnist tilbyr eit heilt unikt konsept i Rogaland. For nå blir mat, underhaldning, guiding, råvarekunnskap og fjordfart kombinert på ryfylkevis. I 2018 blei Rødne sin nye båt «Rygerdronningen» døypt, ein båt som tar 300 passasjerar på det meste. Men om me er 30, 60 eller 120 personar, så blir opplevinga magisk. Når kapteinen, kokken og konferansieren seier velkomen om bord og til bords, kan du venta deg latter, lærdom, sjøsprøyt og masse god mat for magen.

«Øyriket Ryfylke» er eit av våre konsept. Rettar, øyar og historier heng i hop, med royal snert. For kva skjedde eigentleg med Kong Olav Haraldsson i Soknasundet? Kva var det med dette republikanske initiativet på Finnøy og kvifor serverer me Dronning Maud-dessert?

Tre- og firerettarar kombinerer me altså med fjordsightseeing, historier og guiding ut frå kor me er! Raud tråd på blått hav.

Sjå praktisk info under bileta!

Praktisk info

Kor går båten frå?

Så lenge det finst kai, kan Rygerdronningen koma kor som helst. Derfor kan di gruppe velja kor me skal gå frå. Dersom me går frå Stavanger hamn, er det Strandkaien som gjeld, der Rygerdronningen har kaiplass frå før.

|

Gruppestorleik

Rygerdronningen ser litt ulik ut innvendig frå mai til september, kontra vinterhalvåret. Frå oktober til april er det fleire bord, og dermed færre sete. Rett og slett slik at båten blir meir ein flytande restaurant. Grupper frå 20 og til 120 er det optimale. Då får alle god sitjeplass rundt eit bord. Men, båten er sertifisert for 297 personar. Så sommarhalvåret er det plass til alle, men ikkje rundt bord.

Ekstra info

Rygerdronningen har flotte panoramavindauge, som går heilt ned til dørken. Derfor er utsikten god når du sit inne. I tillegg er det to suverent fine og romslege dekk ute. Det er ikkje avgjerande kva type klede du har på deg.

Varighet

Desse turane kan både bestillast gruppevis, eller når me har påmeldingsturar. Ein «typisk» tur, med masse moro, tre-rettars-middag og eit godt stykke fjordopplevingar, varer 4-4,5 timar. Når grupper bestiller båten sjølv, tilpassar me sjølvsagt lengde på opplegget ut frå dykkar ønske.

Sjå kva meir me tilbyr >>

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest