Underhaldning

Le med Livsgnist

Alle kan fortelja ei god historie. Nokon kan fortelja mange utan at det blir langdrygt. Med timing.

– Kor for dei det frå? Eg lo så eg grein.

Når slike kommentarar kjem, er me nøgde. Ikkje fordi me trur me er så mykje løgnare enn andre. Men, me trur me har ei evne til å vita kven me kjem til, merka korleis stemninga er og ta folk med på ei morsom, finurleg og jordnær humoristisk reise. Og så er me utruleg lite sjølvhøgtidlege. Det er ikkje du som blir dumma ut, det er oss. Og me ler med folk og ikkje av folk.

Enten våre underhaldarar heiter Mugge, Bugge, Leif Arild, Svanhild, Tor Øyvind, Oddvar eller kven det er, så skal me gjera vårt for at akkurat di forsamling, organisasjon, bedrift eller lag kjenner at det var godt og skikkeleg løye at desse var med. Ti minutt, halvtime, tre kvarter eller ein time. Ein bolk i starten og litt på slutten? De bestemmer. Me vil gjerne vera med å fyra opp stemninga hjå dykk.

Sjå praktisk info under bileta!

Foto: Marius Vervik

Praktisk info

Underhaldning kor som helst

Me kjem der de skal ha arrangement. Me er vane med å vera på farten, så det er ikkje noko problem. Dessutan har me arrangement på Finnøy, der me bur. Då kan de gjerne leggja dykkar samling til tomatøya, og me kjem og underheld?

|

Kva type humor?

Det er lett å seia at vår humor er bra. Men, me var jo ein variasjon etter kva de er ute etter. Til dømes er Mugge og Bugge hasardiøs morosame og nyttar både scene, folk og kvarandre med treffande replikkar, song, allsong og av og til dans (!). Personar som Oddvar Vignes, Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid har eit meir kåserande og stand-uppreg, der dei er seg sjølve når dei skapar godstemninga. Eller kva med Svanhild Eggebø Spanne og Tor Øyvind i tospann, som spesialskriv nummer til nettopp den forsamlinga ein skal til. Då er det ei veksling mellom typegalleri, song, stand-up, skråblikk og funderingar. Av og til lagar me kabaret om nettopp dei me opptrer for.

r

Ekstra info

Me likar å førebu oss godt. Derfor er det alltid kjekt å få vita litt meir om dykk, kva de gjer elles på festen, konferansen, samlinga osv. Då kan humoren frå oss treffa ekstra god.

 

Varighet

Me har alt frå fem minutt til halvannan time. Det må tilpassast dykkar ønskje. Men, det er ikkje sikkert det blir løgnare med 90 minutt, når ein har fått forsamlinga til dei store høgder etter 50 …

Sjå kva meir me tilbyr >>

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest