Kva tilbyr me?

Ryfylke Livsgnist vil gje innhaldsrike opplevingar med glimt i auga. Me ønskjer alltid å fyra opp under livsgnisten, slik at våre gjestar og kundar får både le og læra.

Opplevingar med glimt i auga

Ryfylke Livsgnist er ei jordnær bedrift, men me er ikkje redde for å ha litt høge tankar om det arbeidet me utfører. 

Treng du hjelp til lagbygging, konferansar, utflukter, prosjekt av ulike slag, matshow, underhaldning eller inspirerande kåseri, har me folk som kan hjelpa deg. Ofte får me kommentaren etterpå: «Dette er den kjekkaste samlinga me har hatt» Ryfylke Livsgnist har erfaring med festivaldrift også, i ti år hadde me ansvaret for den daglege drifta av Tomatfestivalen på Finnøy. Frå 2018 er me tilbake i Tomatfestivaladministrasjonen. 

Som ein del av bedriftsnettverket Enjoy Finnøy og Ryfylkealliansen har me gode kontaktar inn mot mange ulike bransjar i Ryfylke.

Kva tilbyr me?

Skal du planleggja ei utflukt eller ein konferanse? Eller treng du nokon til å leia eit prosjekt?
Me kan hjelpa deg med det, og mykje meir!

"Tyskerhålene" - historisk vandreteater på Søre Vignes, Finnøy

Bli med ut på kanonstillinga og inn i fjellet, gjennom skodespel, historier, musikk, humor og dramatikk. Tyskarane bygde kanonstilling her under andre verdskrig. Nå kan du kjenna latteren sitja laust og tårene pressa på når me gjer deg hendingar frå både andre verdskrig og utvandring til Amerika, der fakta og fiksjon dansar tango i lag. 

"Øyriket Ryfylke"

Velkomen om bord i «Rygerdronningen», majesteten på fjordane i Ryfylke. Rødne sin nye båt er blitt scene for opplevingar, mat, humor og historie. Saman med Ryfylkekokken og Rødne inviterer Ryfylke Livsgnist til «Øyriket Ryfylke». Mellom holmar og skjær dukkar den eine historia og retten opp etter den andre. Magiske augneblink, mettande måltid og spenstig basar.
Velkomen om bord!

Aktivitetar

Likar du leik og konkurranse? Men, gjerne med overraskande vriar? Hiv deg med når me inviterer til «Slaget om den gyldne tomat» eller «Tomato Challenge». Jordnære, engasjerande oppgåver på ryfylkevis. Kjenn pulsen slå med «kyllingløp», «tomatspretten» eller «den bortkomne sauen.» Ute eller inne, på Finnøy eller der du er.
Eller bli med på «Ryfylkespelet», med ein speleduk på 6x4 meter med Ryfylke som spelekart.

Vandring i bedehusland

16 000 personar kan ikkje ta feil! «Alle» må jo ha med seg finnøyturen med Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid, der bedehusrørsla er limet. Med karikeringar av typar, song, tale og basar, blir historia om bedehuset formidla med vanvittig humor med stor respekt. Vinnar av reiselivspris i Rogaland, og eit flaggskip i opplevingsturismen i Ryfylke. Har du ikkje fått med deg Vandring i bedehusland, er det verkeleg på tide.

"Jul med Gustava - O jul med din glede"

Kom til Finnøy i november og desember og kjenn på verkeleg julestemning. Me drar 200 år tilbake i tid, då Gustava og Gabriel Kielland var presteparet på Finnøy. I mellomalderkyrkja på Hesby får me eit artig og gripande innblikk i Finnøy på 1820-talet. Gustava er vår vegvisar, ja ho som skreiv «O jul med din glede». Ein bugnande julelunsj på Utsyn ungdomssenter, julekåseri, julemarknad og sjølvsagt gang rundt juletreet.

Underhaldning

Kva er god humor? Jo, når folk ler godt, utan bismak, enten det er humring eller latteranfall. Me tilbyr god humor. Me har kvinner og menn, enten som seg sjølv eller som figurar. Passar godt som innslag, raud tråd eller avbrekk. Me ler gjerne av oss sjølv, og då er det endå lettare å le i lag!

Inspirasjonsforedrag

Litt ekstra motivasjon og inspirasjon i kvardagen er ikkje å forakta. Me stiller gjerne spørsmåla; «Kvifor går me jobb?» eller «Kapasitet – kva er det?». Tankevekkande føredrag med godt glimt i auge. Silje Vignes Flesjå likar det som har med relasjonar, kommunikasjon og barnehagar å gjera. Tor Øyvind Skeiseid elskar grundig samarbeid, kontroll og ubalanse …

Matshowet "Kokken og tosken"

Ein kokk og ein tosk inviterer til ein heilaftan der maten, involveringa og underhaldningar går i eitt. Ryfylkekokken Frode Selvaag og livsgnistar Tor Øyvind Skeiseid sørgjer for at du får le, læra og nyta frå ein fleirrettars meny. Men, du må bidra sjølv. For her blir det kutting, steiking, smaking og servering, og ikkje minst tevling – blant gjestane. Maten er nesten klar. Du må gjera resten, og då ler me godt …

Førestillinga "Nåde"

Du strekkjer ikkje til, du heller? Går på trynet, tar feil val, plumpar uti det. Då er det godt med nåden, både frå menneske og Gud. «Nåde» er ein humoristisk og tankjevekkande førestilling om den forunderlege nåden. Med professoren frå «Luther med Latter» som den meir eller mindre raude tråden, kombinert med kvardagslege glimt om det å vera menneske på godt og vondt.

"Juleglitter"

Kva får du når du blandar ein kokk, ein artist, ein organist og ein journalist i hop i desember? Jo, «Juleglitter». Etter suksess i 2018, blir det sett opp to nye førestillingar i desember 2019. På Landahuset i Steinnesvåg blir det mat, musikk og moro i fire og ein halv time. Du blir salig mett, berørt, underheldt og glad til sinns når Frode Selvaag, Svanhild Eggebø Spanne, Arne Martin Aandstad og Tor Øyvind Skeiseid byr på sine juleopplevingar i ein heilt spesiell setting.

Konferansier

Me står gjerne framme på ein scene og leier konferansar, arrangement, jubileum, bedriftssamlingar eller kva det skal vera. Spekteret på dei me jobbar for er stor. Einaste krav: Me må få førebu oss godt. Då blir resultatet også bra. Historier, musikk og humor blir gjerne brukt. Tor Øyvind Skeiseid er ein av Rogaland sine mest brukte konferansierar, og har fleire med seg i arsenalet av dyktige møteleiarar.

Prosjektleiing

Treng du ei trygg hand, kreativ kurs og solid styring på det du skal gjera? Då kan me i Ryfylke Livsgnist vera ein god medspelar. Me elskar små og store utfordringar, der det skal bli eit godt resultat til slutt. Me styrer Tomatfestivalen, Ryfastløpet, Ryfylkealliansen, og har vore ansvarlege for Alfred Hauge-jubileet, 100årsfesten til smelteverket i Sauda, store konferansar og meir til. Grundig og gøy, kort og godt.

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest