inspirasjonsforedrag

Inspirasjon til kvardag og fest

Ryfylke Livsgnist har mange års erfaring med ulike typar formidling og foredrag, kåseri, humorshow, konferansier, kurs, personalsamlingar, media m. m.

Me trur at glimt i auge opnar mange dører. Til dømes er våre populære foredrag «Dra lasset grundig og gøy saman» og » Så korfor i all verda går me på jobb» ein herleg salatmiks av alvor og humor. «Når tanken er god, gjenstår mykje arbeid.” har eit fokus på idéutvikling og prosjektarbeid. 

Silje Vignes Flesjå har arbeida 13 år som styrar i ein barnehage, og arbeidar også nå som pedagogisk rådgjevar i Finnøy Kommune. Ho har sidan hausten 2015 hatt mange foredrag for både barnehagetilsette og foreldre rundt om i heile landet. Ho har hatt dei fleste foredraga i regi av kurs gjennom «Være Sammen». Silje snakkar lett både om leiing, implementering, tidleg innsats, kommunikasjon, ulike vaksenstilar samt utfordrande åtferd. Silje kjem gjerne til deg for å halde både foreldremøte, planleggingsdag eller eit personalmøte. Silje brukar mange praksisnære døme som gjer at det er lett å kjenna seg igjen.

Tor Øyvind Skeiseid er utdanna journalist, og nyttar både si utdanning og arbeidserfaring gjennom sine foredrag. Han var tidlegare i NRK og har sidan 2003 vore kvardagsleg leiar her for Ryfylke Livsgnist. I tillegg til dette har han vore primus motor for friviljug arbeid på fritida. Treng du medietrening? Eller inspirasjon til å engasjere både deg sjølv og andre rundt deg. Ta kontakt.

Målet er å begeistra forsamlinga til å ta gode grep, enten me snakkar fagleg eller sosialt! Opplegget kan vara frå ein til seks timar. Involvering og dialog er svært viktig. Gruppeaktivitetar til latter og lærdom høyrer ofte med. Og bli ikkje overraska om ulike figurar dukkar opp undervegs. 

Sjå kva meir me tilbyr >>

Kva seier våre kundar?

Tilbakemeldingar

”Jeg var ikke alene om å le så mascaraen forsvant i løpet av de første ti minuttene. De var helt utrolige til å lage humor av ting vi må jobbe med felles og i oss selv- vi kunne kjenne oss igjen i mange ting,- og i tillegg le av det:-). Allsangen kommer jeg aldri til å glemme- jeg smiler fremdeles. Utrolig så mye positiv energi det kom ut av dette!”

Arkeologisk Museum - arbeidsmiljøseminar

”Under konferansen ble delegatene inspirert og opplyst om viktigheten av å spisse budskapet, vekke oppmerksomhet, få sympati – ved praktiske øvelser, og under underholdende, god, klok og kyndig veiledning.”

Handel og Kontor Rogaland og Agder - presentasjonsteknikk

”Vi hadde en fantastisk dag på Finnøy, hvor lagbygging, humor, historier og god mat var satt sammen til en inspirasjonsrik dag for bedriften.”

Sørskår Mekaniske Verksted– arbeidsmiljøseminar kombinert med aktivitetar

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest