IMG 3620

Ryfylke Livsgnist blei stifta i 2003. Årsaka var ei blanding av heimlengsel og ønskje om å skapa meir gnist i heimstaden Finnøy og Ryfylke.

Tor Øyvind Skeiseid, den eine av gründerane, slutta som profilert programleiar i NRK Rogaland, byrja som einsleg svale i Ryfylke Livsgnist og flytta til Finnøy. Planen var at gründer nummer to, Leif Arild Steen, skulle flytta etter om nokre år. Leif Arild jobba i IKM, og dreiv med sal av deler til ymse maskinar i oljeindustrien. Men før den tid starta både Kåre Vignes og Helene Ringen Vestbø i deltidsstillingar.

Vandring i Bedehusland blei fort ein suksess, det same kan ein seia om Tomatfestivalen. Tor Øyvind fekk også Reiselivsprisen for Rogaland i 2006 for desse to konsepta. Unge Skeiseid etablerte seg raskt som ein ettertrakta konferansier og inspirator. Livsgnisten var i vekst!

Leif Arild Steen flytta heim til Finnøy og starta for fullt i Livsgnisten i 2008. Leif Arild sette i gang med mange nye prosjekt, i tillegg til at han heldt fram som ein framifrå underhaldar i duoen Mugge & Bugge. Etter kvart auka både oppgåver og engasjement, og det blei behov for fleire tilsette. Dei neste åra blei både Svanhild Eggebø Spann og Silje Vignes Flesjå tilsett i faste stillingar. Fleire enn dei har og vore innom gjennom åra.

Ryfylke Livsgnist er blitt ei bedrift å rekna med innan kulturopplevingar, reiseliv, underhaldning, prosjektleiing, konferansieroppdrag, inspirasjonssamlingar, me stiller opp på nesten kva det skulle vera. Ja, så lenge me meiner me har noko å melda!

Ryfylke Livsgnist er stolt medlem i Ryfylkealliansen. Ryfylkealliansen arbeider for å auka merksemda og verdien av Ryfylke.

Ryfylke Næringshage, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796 eller +47 940 01 017
 
   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo