Ryfylke næringshage, Nedre Hauskjeneset 3, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

toroyvind

Tor Øyvind Skeiseid

Kvardagsleg leiar

982 06 333
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

1974-modell, som er utdanna journalist. Var programleiar, reporter og fotballkommentator i NRK, før han vende heim til moderøya Finnøy. Der starta han opp Ryfylke Livsgnist i 2003.

Tor Øyvind er gift med Heidi og har tre born. Svært allsidig kar som handterer det meste av det som måtte komme av oppdrag. Er blant dei mest ettertrakta konferansierane i Rogaland. Kjent for å førebu seg opp mot det ekstraordinære. Motto: Grundig er gøy! 

Det kan også nemnast at ingen har fleire a-lagskampar i fotball for Finnøy Idrettslag enn Tor Øyvind. Dessutan er han stolt av å seia han har mottatt Reiselivsprisen for Rogaland, for Tomatfestivalen og Vandring i bedehusland. Mottok kulturprisen for Finnøy i 2012.


Leffy

Leif Arild Steen

Visjonært kraftfelt

916 15 420
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

1972-modell. Byrja så smått i Ryfylke Livsgnist i 2007, for fullt frå 2008. Han er gift med Ingvild, og dei bur på Reilstad på Finnøy saman med sine to born. Leif Arild bidreg stadig med nye idear. Motto: Kvar dag er eit nytt prosjekt.

Ein av Rogalands løgnaste menn, i tillegg til å vera ein dugande laksefiskar.


Svanhild

Svanhild Eggebø Spanne

Allsidig potet

907 73 796
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

1980-modell. Byrja i Ryfylke Livsgnist i 2011. Gift med Trygve, og mor til tre. Svanhild er både dyktig til å organisera, ein dugande amatørskodespelar og flink til å synga. Hjå oss får ho brukt alle eigenskapane. Svanhild er spydspiss, tilretteleggjar og gjennomførar. Ho er ofte den du først blir kjent med når du tar kontakt med oss. 

Motto: Joda, det fiksar me!


Kare

Kåre Vignes

Kraftfull kommunikatør

414 55 635
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

1975-modell. Har jobba i Ryfylke Livsgnist sidan 2006. Utanom Livsgnistjobbing er han lærar på Lundeneset vidaregåande skule i Ølensvåg. Kåre er særs allsidig. Han er glad i å skriva, og har hovudansvar for nettsidene våre. I tillegg er han ein dugande toastmaster, konferansier og elskar å vera historieformidlar om bord på Restauration. Motto: Nei, dette! Jo, det går. Dessutan er han fanatisk Tottenhamsupportar.

Kåre likar utlandet godt.


Helene

Helene Ringen Vestbø

Nøkkelperson

917 20 907
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

1971-modell. Oppvaksen i Haugesund, men flytta til Finnøy og gifta seg med Ove Geir. Dei har tre barn og to gardar. Helene har vore tilsett i Livsgnist sidan 2006, og er den som har absolutt best kontroll på fakturering og logistikk av oss alle. Ja, Helene er den einaste som har livstidskontrakt i bedriften. Helene held også all kontakt med kundar som skal i Vandring i bedehusland, i tillegg til å styra ulike arrangement og prosjekt. Motto: Gjer i går, det du skal gjera i dag. 

 Helene er mor sjølv i bedriften.


 
Silje

Silje Flesjå

Kreativ gladlaks

940 01 017
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Silje vart fødd i 1978, og vaks opp på Lauvsnes på Finnøy. Ho gifta seg med Leif Jakob - også frå Finnøy i 1998, og flytta til vestsida av øya. Dei har tre barn.

Silje elskar jobben i Ryfylke Livsgnist, enten det er prosjektarbeid, inspirasjonsføredrag, skodespelaroppdrag, turleiar eller kva det skal vera

Motto: Fantastisk sjølvsagt!

 På fritida er Silje svært glad i å reisa, helst til hytta i Lyngdal. På Finnøy har ho rekorden i kor mange lag- og aktivitetsavtalar du kan ha i løpet av ei veke.


   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo